Start \
  • Informasjon \
  • Mål

Mål

Velg side

I november 2022 gjorde ØyVAR plukkanalysar på Rong og Vik. Ein plukkanalyse viser samansetninga av avfallet, og dermed ser vi kor mykje av avfallet som kunne og burde ha vore kjeldesortert.

FN sine berekraftmål er ei felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030. Målet er ein berekraftig forvaltning av naturressursane. Renovasjonsbransjen har tydelege mål: Halvere matsvinn per innbyggar globalt og redusera avfallsmengder gjennom forbod, reduksjon, gjenvinning og ombruk.

Klarar vi 50% reduksjon i restavfall per innbyggjar innan 2030?

Målet med denne testpiloten er å både informere meir og auke kunnskapen om kjeldesortering blant husstandane og gje eit insentiv i form av redusert renovasjonsgebyr for dei som endrar på vanar og blir betre på kjeldesortering.

Slankar du restavfallet, reduserer du samstundes gebyret

Beskrivelse av bildet

I samfunnsplanen til kommunen er det vedteken ei målsetting at Øygarden skal vere eit klima- og miljøvennleg samfunn. Vi skal vere ein føregangskommune innan grøn omstilling og utvikle eit lågutsleppsamfunn. På avfallsområdet betyr det at for å nå måla knytt til sortering og gjenvinning må det skje ein større grad av utsortering av det som i dag vert kasta i restavfallet.

Dette gjeld først og fremst det som vi henter i avfallsbehaldarar heime hos innbyggjarane. Det er her potensialet for utsortering størst.

Beskrivelse av bildet

I testperioden vil det verte gratis å levere avfall til gjenbruksstasjonane, med unntak av restavfall, for dei som bur i testsonen. Ved framvising av SMS får du levere dei sorterte avfallsfraksjonane gratis, og berre betale for restavfallet.