Start \
  • Informasjon \
  • Kom enkelt i gang!

Kom enkelt i gang!

Velg side

Kom i gang med sortering og gjenvinning! For å oppnå betre resultat fokuserer vi på auka sortering av avfall, spesielt frå husstandar. Din innsats i heimen utgjer det største potensialet.

Vi har skapt ei brukarvenleg oppleving ved å merke alle avfallsdunkane med unike RFID-brikker og utstyre renovasjonsbilane med vekt. Når gebyra no vert retta mot vekt/kg, betyr det at di kjeldesortering direkte påverkar kostnadene og gir deg tilbakemelding om korleis hushaldet ditt gjenvinn.

Måla for kjeldesortering nasjonalt og i EU er ambisiøse, men vi i Øygarden ligg dessverre langt under desse måla i dag. Vi sorterar ikkje godt nok og kastar til dømes for mykje plastemballasje, matavfall og glas- og metallemballasje i behaldaren for restavfall.

Å kome i gang med avfallssortering kan sjå ut som ei utfordring, men det er enklare enn det ser ut til. Her er nokre tips for å gjere starten enklare:

Informasjon

Beskrivelse av bildet

Skaff deg oversikt over kva typar avfall som kan sorterast lokalt. Informasjon finn du på øyvar.no/kjeldesortering. Sjå også sortere.no for meir informasjon om kjeldesortering.

  • Innkjøp av avfallsbøtter- Skaff deg bøtter for ulike avfallstypar. 
  • Plassering - Plasser avfallsbøttene på lett tilgjengelege stader, til dømes på kjøkkenet, i nærleiken av arbeidsområdet eller der du vanlegvis kvittar deg med avfall.
  • Merking - Merk bøttene tydeleg for å unngå forvirring. Dette gjer det enklare for alle i husstanden å delta.
  • Start med det enkle - Byrj med å sortere dei mest opplagte avfallstypene, som papir, papp, plast og glas. Gradvis kan du inkludere meir spesifikke kategoriar.
  • Vane - Gjer sortering til ei vane. Etter kvart som det blir ein del av rutina di, vil det kjennast naturleg å sortere avfallet rett.
  • Engasjer familien - Involver heile familien eller husstanden i prosessen. Diskuter kvifor det er viktig og korleis det bidreg til miljøet.
  • Belønningssystem - Skap eit lite belønningssystem for deg sjølv eller familien for å oppmuntre til rett sortering. Dette kan gjere det meir motiverande.
  • Hold det enkelt - Gjer det ikkje meir komplisert enn nødvendig i byrjinga. Å sortere noko er betre enn ingenting, og du kan alltids justere systemet etter kvart som du blir meir komfortabel.

Beskrivelse av bildet

Hugs at kvar liten innsats tel, og at å kome i gang med avfallssortering er eit positivt skritt mot ein meir berekraftig livsstil.