ØyVAR AS pliktar å rette seg etter miljømål for sortering av avfall. På fleire områder ser vi stadig forbetring, men når det gjeld restavfall, har vi eit stykke att. Derfor testar vi ut eit nytt konsept som går ut på at dei innbyggjarane som sorterer avfallet sitt, skal få noko att for det.

Spar opptil 30 %

I Øygarden skal vi bli betre på kjeldesortering og redusere mengda restavfall. I 2024 testar vi ein ny gebyrmodell i tømmesona til Rongøyna. ØyVAR vil undersøkje om insentiv i form av lågare gebyr motiverer husstandane til betre kjeldesortering.

På Rongøyna innfører vi eit basisgebyr, der beløpet avheng av om ein heimekomposterer eller ikkje. I tillegg betaler abonnentane for restavfall dei kastar i dunken og/eller leverer på gjenbruksstasjonen, basert på vekt. Det er gratis å levere sortert avfall på gjenbruksstasjonen.

Vi veg restavfallet

Alle renovasjonsbilane er utstyrte med vekter. Desse veg kvar avfallsdunk med ei nøyaktigheit på 1 kilo (runda av til næraste partal). Om det er under 1 kg i spannet vert det registrert 0 kg. Er det over 1 kg i spannet, blir vekta runda av til 2 kg. Vi veg avfallsdunkane når bommen løftar opp og mens den går ned att, for å sikre at vekta blir korrekt.

På gjenbruksstasjonen får alle i pilotsona tilbod om å levere alt anna avfall enn restavfall gratis. For restavfall må man betale gjeldande sats på kr 3,75 pr kg.

Ny fakturamodell

I den nye fakturamodellen for Rongøyna bruker vi ikkje dei gamle gebyrkodane, til dømes småhushald og storhushald. I staden innfører vi eitt basisgebyr for husstandar som har dunk for matavfall, og eitt basisgebyr for husstandar med avtale om heimekompostering.

Husstandar på Rongøyna har gratis levering på gjenbruksstasjonane. Unntaket er restavfall, der dei må betale per kilo.

Gebyrsatsane finn du under «Kalkulator».

Gjenbruk det du kan

Med den planlagde utvidinga av gjenbruksstasjonen på Straume ønskjer ØyVAR AS å leggje til rette for auka gjenbruk og betre kjeldesortering. Vi oppmodar innbyggjarane til å nytte Midtstegen i Skogsvåg inntil den oppgraderte stasjonen er klar, og til å støtte kommunen si satsing på gjenbruk og sirkularitet.

ØyVAR ønskjer å leggje betre til rette for gjenbruk, og vi håper innbyggjarane aktivt vil nytte gjenbruksmoglegheitene for å bidra til ei meir berekraftig framtid.

Rong er først ut

I november 2022 gjennomførte ØyVAR plukkanalysar på Rong og Vik for å evaluere avfallssamansetninga. Analysane viste at nær 50 % av restavfallet i desse områda kunne ha vore sortert i andre avfallsdunkar, til dømes matavfall, papp/papir eller returplast, eller levert til mottak.

Målet med pilotprosjektet er å informere og auke kunnskapen om kjeldesortering blant husstandane. Ein reduksjon i renovasjonsgebyret vil fungere som insentiv for dei som er flinke til å kjeldesortere og dermed reduserer restavfallet.

Bli betre på sortering

Ver bevisst, unngå unødvendige kjøp, og støtt miljøvennlege produkt for å redusere avfallsmengda og fremje ei berekraftig utvikling. Praktiser gjenbruk ved å velje brukte varer frå loppemarknad eller venner.

Ved å kjeldesortere og unngå ny utvinning bidrar vi til å nå målet om å gjenvinne omtrent 80 prosent av avfallet.

Effektiviser energibruken ved å nytte restavfall til oppvarming, og lever farleg avfall på eigne gjenvinningsstasjonar. Reduser deponering ved å kaste minst mogleg i restavfall, og unngå forureining ved å støtte forbodet mot deponering av nedbrytbart avfall, som har gjeldt sidan 1. juli 2009. Små endringar i kvardagen gjer deg til ein viktig del av løysinga for ei meir berekraftig framtid.

Alt Image Text

Målet vårt

Betydeleg reduksjon i restavfall per innbyggjar innan 2030

Vi har utvikla ei brukarvennleg oppleving ved å merkje alle avfallsdunkane med unike RFID-brikker og utstyre renovasjonsbilane med vekt. Når vi no innfører vektbaserte gebyr, betyr det at kjeldesortering direkte påverkar kostnadene, og at du dermed finn ut kor flinke medlemmene av husstanden er til å gjenvinne.
Alt Image Text
Alt Image Text

Spar pengar, hjelp oss, og hjelp naturen

Det er heilt opp til deg.

Spar pengar og ta vare på miljøet ved å delta i prosjektet. Bruk ting om att, gjenvinn materialar, bruk energi frå restavfall, minimer farlege stoff, og reduser deponering av avfall.